Lev grundig. Sov godt.
Overnatting med sjel midt i bygda
Historiske bygg fra 1835
i hjertet av Røldal bygda
16 senger fordelt
på to bygg
“Meget bra”
– gjesteomtaler Booking.com
7 minutter med bil eller
buss til Røldal skisenter
Fjelldraumar på dagtid?
Her sov du godt om natten etter store opplevingar og eventyr:
Gamalt møter nytt i Røldalstunet med plass til både storfamilien og små reisefølgje – perfekt for samvær, stillheit og dagar med fjelleventyr.
Midt i Røldal ligg Røldalstunet overnatting – eit sjarmerande tun med tre ulike hus: Løo, Gamlastovo og Eldhuset.
Her er det plass til både slekta, venegjengen eller små grupper som vil bu saman, men likevel ha god plass.
Til saman har tunet 16 senger og fleire opphaldsrom fordelt på to bygg – ideelt for både kvardagsflukt og høgtid.
Du bur midt i bygda med kort veg til butikk, stavkyrkje, kafé, skibuss og fjellstiar.
Løo
Det største bygget med 4 soverom, 14 sengeplassar og hems med ekstra madrassar for dei minste eller eventyrlystne. Det er tre toalett og to dusjar – så her kan fleire bu utan å stå i kø. Kjøkkenet er romsleg og velutstyrt, med alt du treng for å lage gode måltid.
Pris: 3850,- per døgn
Her finn du oss: Kyrkjevegen 5, 5760 Røldal.
Løo er merket som nr. 5 og som “Leilighet” på Booking.com.
Gamlastovo
Gamlastovo har historisk sjarm over tre etasjar og er perfekt for mindre grupper eller familiar. Her er det 8 sengeplassar, to toalett og éin dusj, samt kjøkken i to etasjar med alt du treng for matlaging og kveldskos.
Pris: 1050,- per døgn
Her finn du oss: Kyrkjevegen 3, 5760 Røldal.
Gamlastovo er merket som nr. 3 og som “Hytta” på Booking.com.
Velkommen inn!
Her kan du sjå noken bilete frå Løo, Gamlastovo og fjellbygda Røldal.
Vil du sjå meir av Røldal? Ta ein tur innom Visit Røldal si nettside.
Og – velkommen inn i historia
Heile mitt vaksenliv har eg samla på historier om folk i bygda, intervjua folk og fått folk til å fortelja.
I fleire år har eg arbeidd med å skriva ned alt dette. Eg har skrive det slik eg hugsar det og har blitt det fortalt, og eg har prøvd å skriva det så rett som råd. Likevel er eg sikker på at noko er blitt feil eller fordreia med tida. Det får de bere over med. Det vart så mykje stoff at éi bok vart til to. Fyrste boka skriv eg om folk, steinar, Hardangervidda og dei som reiste til Amerika i 1950-åra. I den andre boka skriv eg om vegar, turisme, Amerika og ymse som har hendt i Røldal.
Fjellfolket (2. opplag under produksjon)
Haustvindsong frå Røldal - historier om folk som reiste, folk som var att, og fjell som endå står.
Publisert 2024-03-11
Utgave 1. utgave
Språk Nynorsk
Fjellfolket II (2. opplag under produksjon)
Om folk, ferdsel og hendingar i Røldal.
Publisert 2024-03-11
Utgave 1. utgave
Språk Nynorsk
Lykka
Det er med lykka som
med ville dyr i skogen:
Den blir tillitsfull
og nærmer seg leirplassen din når
du ikke lenger jager etter den.
– Hans Børli
Fjellforteljingar
Ønskjer du å vita meir om Røldal, booka ein tur, forelesing, foredrag eller anna? Ta gjerne kontakt!