Les her om nyheit frå Røldal.
No kan du få kjøpa pinnakjøt, røykt lammabog og lår frå lam som har beita på Hardangervidda, 1000 moh og over. Pinnekjøt kr 240.- Bog 160.- Heilt lår kr 190.- Alt er røykt.
Desse dyra lever heile sitt liv på vidda, dei er berre nokre veker heime på garden, før dei dreg med mora til fjells. Dei pustar i frisk fjelluft og nyt livet heile sommaren.
Beitet på Hardangervidda består av ferskt gras og urter, derfor vert kjøtet av høgaste kvalitet.
I september vert dei kjørt rett på slaktehuset .
Etter slakting vert kjøtet merkt med produsent og nr. på lammet, dermed kan me dokumentera alt om kvart dyr.
Frå no er behandlinga på vår måte.
Produktet heiter, Hardangerviddalam.
Produsent Røldalstunet
V/ Oddbjørn Lynghammar
5760 Røldal
90993551
Betill på e post : roldal@roldalstunet.no
Hytter !
Meir info hjå oss på +47 90993551.
Ring Oddbjørn 90993551 eller Berit 90809047. Resepsjonen +47 53647385
Bestille hytte ? Klikk på hytter på online booking knappen !
Velkomen !
Skysstasjonen ligg midt i fjellbygda Røldal, 300 meter frå E134 på vegen mot stavkyrkja.
Avstandar:
Skysstasjonen har 11 velutstyrte hytter med totalt 60 senger. Du kan også bu i telt, campingvogn eller bubil. Me har alle fasilitetar på campingplassen.
I restauranten vår serverer me middag, brødmat, kaker, kaffi og is. Me har òg skjenkjeløyve for øl, vin og brennevin.
Du kan kople deg til trådlaust nettverk stort sett over heile campingplassen og frå dei fleste hyttene. Det er mogleg å leige eigen minibuss med 14 sete, med eller utan sjåfør.
Av andre aktivitetar kan me tilby bogeskyting, lassokasting, balansering, spiker i kubbe med kvar sitt slag, akekonkurranse, sauna, badestamp, internettkafé, lysløype, tennisbane og akebakke. I grillhytta vår er det plass til rundt 28 personar. For ungane har me trøbilar, gravemaskin og sandkasse. Og ein spennande skog.
Røldal ligg 400 moh. og grensar til Hardangervidda nasjonalpark. Det er turstigar for vakre fotturar på alle kantar av bygda.