Lev godt. Sov godt.
Overnatting med sjel midt i bygda
Historiske bygg frå 1870
i hjartet av bygda Røldal
15 senger fordelte
på to bygg pluss hems
“Svært bra”
– gjesteomtale Booking.com
7 minutt med bil eller
buss til Røldal skisenter
Fjellopplevingar om dagen?
Her søv du godt om natta etter det du har opplevd om dagen:
Gamalt møter nytt i Røldalstunet med plass til både storfamilien og små reisefølgje – perfekt for samvær, stillheit og dagar med fjellturar.
Midt i Røldal ligg Røldalstunet overnatting – eit sjarmerande tun med tre ulike hus: Løo, Gamlastovo og Eldhuset.
Her er det plass til slekta, venegjengen eller små grupper som vil bu saman, men likevel ha god plass.
Til saman har tunet 15 senger og fleire opphaldsrom fordelte på to bygg – ideelt for både kvardagsflukt og høgtid.
Du bur midt i bygda med kort veg til butikk, stavkyrkje, kafé, skibuss og fjellstiar.
Løo nr. 5
Det største bygget med 4 soverom, 11 sengeplassar og hems med ekstra madrassar for dei minste eller eventyrlystne. Det er tre toalett og to dusjar – så her kan fleire bu utan å stå i kø. Kjøkkenet er romsleg og velutstyrt, med alt du treng for å lage gode måltid.
Pris: 3950,- per døgn
Om det er utanom sesongen eller langtidsleige, ta kontakt så gjer me ein avtale.
Her finn du oss: Kyrkjevegen 5, 5760 Røldal.
Løo er merkt som nr. 5 og som “Leilighet” på Booking.com.
Gamlastovo nr. 3
Gamlastovo har historisk sjarm, huset er frå 1870-åra. Her er det 4 sengeplassar, toalett og éin dusj, og kjøkken med alt du treng for matlaging og kveldskos.
Pris: 1250,- per døgn
Om det er utanom sesongen eller langtidsleige, ta kontakt så gjer me ein avtale.
Her finn du oss: Kyrkjevegen 3, 5760 Røldal.
Gamlastovo er merkt som nr. 3 og som “Hytta” på Booking.com.
Velkomen inn!
Her kan du sjå nokre bilete frå Løo, Gamlastovo og fjellbygda Røldal.
Vil du sjå meir av Røldal? Ta ein tur innom Visit Røldal si nettside.
Og – velkomen inn i historia
Heile vaksenlivet mitt har eg samla på historier om folk i bygda, intervjua folk og fått folk til å fortelja.
I fleire år har eg arbeidd med å skriva ned alt dette. Eg har skrive det slik eg hugsar det og har blitt det fortalt, og eg har prøvd å skriva det så rett som råd. Likevel er eg sikker på at noko er blitt feil eller fordreia med tida. Det får de bera over med. Det vart så mykje stoff at éi bok vart til to. I den fyrste boka skriv eg om folk, steinar, Hardangervidda og dei som reiste til Amerika i 1950-åra. I den andre boka skriv eg om vegar, turisme, Amerika og ymse som har hendt i Røldal.
Fjellfolket
Haustvindsong frå Røldal - historier om folk som reiste, folk som var att, og fjell som endå står.
Publisert 2024-03-11
Utgave 1. utgåve
Språk Nynorsk
E-bok Kjøp her
Nytt opplag desember 2025.
Forhåndsbestill her:
Fjellfolket II
Om folk, ferdsel og hendingar i Røldal.
Publisert 2024-03-11
Utgave 1. utgåve
Språk Nynorsk
Nytt opplag desember 2025.
Forhåndsbestill her:
Lykka
Det er med lykka som
med ville dyr i skogen:
Den blir tillitsfull
og nærmer seg leirplassen din når
du ikke lenger jager etter den.
– Hans Børli
Fjellforteljingar
Ønskjer du å vita meir om Røldal eller bestilla ein tur, ei førelesing, eit føredrag eller anna? Ta gjerne kontakt!